Mektige Langfoss om dagen

Åkrafjordvegen eller E-134 blei karva ut av fjellet under krigen og var ein spektakulær grusveg med mange tunnelar og stabbesteinar. Ikkje heilt ufarleg, men den einaste vegen til østlandet.
I dag er vegen utbetra og har flotte lange tunnelar.
Ein av attraksjonane du møter på vegen er Langfoss og har du tid er det verd å ta ein rast og nyta det mektige skuet den berømte fossen utgjer. Om dagen er den vill og vakker på grunn av snøsmeltingen.
Kiosken er open og Langfoss er som sagt i slaget. Det femte høgaste fossefallet i Noreg ruvar om dagen og bokstavelig talt fossar ned i Åkrafjorden. CNN Travel har kåra Langfoss til eit av verdas 10 flottaste fossefall. Den totale fallhøgda er på heile 612 meter.
Langfoss, er ein foss i Vaulaelva i Etne kommune i Vestland fylke. Fossen renn ut på sørsida av den innerste delen av Åkrafjorden. Langfoss er den femte høgste fossen i Noreg. Wikipedia
(foto: Geir Kvam)