Sommerauksjon på Borgundøy

Gamalt mottéte skrot blei til «gull» igjen!

Det er ikkje så ofte, men nokon gonger skipar ein til auksjon på Fjelberg. I dag var det mykje folk på kaien og fullt av båtar ved marinaen i Sjøstovå på Borgundøy.
Det var mykje gamalt og spesielt som gjekk under auksjonarius, handelsmann Nils Arne Fosse sin hammar, godt assistert av Marianne Nordhus og Ingrid Fjelberg.
Her var gamle bord og skap, fat og pedalorgel, bilder og sjølvsagt ein god del nips. Ein haug gamal fluktstol gjekk for 1500 kroner og elles var det mange som fekk tidleg tilslag og gjorde eit kupp.
God stemning i det nydelige sommerværet, og folk så ut til å kosa seg. Inntektene frå auksjonen gjekk til Fjelberg Bygdalag og Bygdahuset. Tekst & foto Geir Kvam

Auksjonarius var Nils Arne Fosse.

 

 

Det var livligt på kaien i Sjøstova.